Lajla Renate Buer Storli – Agnete og havmannen Lyrics Norwegian

Ho Netta ho gjekk på den englandske bru
Ho Netta ho gjekk på den englandske bru
 
So kom det ein havmann av vatnet ut
Å ja
Å høyrer du Netta kva eg vil segja deg
Å høyrer du Netta kva eg vil segja deg
Vil du no vera kjærasten min
Å ja
Vil du no vera kjærasten min
 
Ja lat meg no vera kjærasten din
Ja lat meg no vera kjærasten din
So tak meg då til havsens botn
Å ja
So tak meg då til havsens botn
 
Han stoppa hennar øyro han stoppa hennar munn
Han stoppa hennar øyro han stoppa hennar munn
So førde han henne til den englandske botnen
Å ja
So førde han henne til den englandske botnen
 
Å Netta ho sat ut med vogga og song
Å Netta ho sat ut med vogga og song
So høyrde ho dei englandske klokkone klang
Å ja
So høyrde ho dei englandske klokkone klang
 
Å Netta ho gjekk seg til i kyrkja inn
Å Netta ho gjekk seg til kyrkja inn
Hennar moder kom etter i same stund
Åja
Hennar moder kom etter i same stund
 
Å havmannen gjekk seg i kyrkja inn
Å havmannen gjekk seg i kyrkja inn
Og alle småe bilete dei snudde seg ikring
Å ja
Alle småe bilete dei snudde seg ikring
 
Og havmannen baud henne ein gullskjefta kniv
Og havmannen baud henne ein gullskjefta kniv
 
Og gjev den stod uti havmannens liv
Å ja
Og gjev den stod uti havmannens liv
 

Leave a Comment