I morgon vil eg byrja på eit nytt og betre liv,
trur eg.
Eg skal aldri gå på fylla meir og skjera folk med kniv,
trur eg.
Eg skal aldri skråla viser meir i laddevinsrus,
men synga åndelege songar i Zions bedehus,
trur eg.
Alle kvinnfolk som eg møter skal eg sky som bare fan,
trur eg.
Og gå vyrdeleg forbi dei som ein nybakt kappelan,
trur eg.
Eg skal sitta som ein munk i ein misjonskone-ring,
og drikka kaffi medan drøset går om andelege ting,
trur eg.
Der skal ingen meir få sjå meg når det lir til høgste natt,
trur eg,
koma ruslande på heimveg utan stivety og hatt,
trur eg.
Eg skal legga meg når grisen går til kvile i sitt bol,
og stå opp når hanen flaksar og gjel i morgonsol,
trur eg.
Ja, i morgon skal eg byrja på den gode veg som sagt,
trur eg.
Taka striden opp mot kjøtet og den heile djevelsmakt,
trur eg.
Men i dag lyt det få vera, for eg er so spøkje tyrst
at eg mest må ha eit ølkrus å leska meg på fyrst,
trur eg.