Agnes Buen Garnås & Jan Garbarek – Signelita Lyrics Norwegian

Signelita ho styrer sine skip ifrå land
Men så gløymde ho Gud fader, Guds sønn og Hellig Ånd
– I ro meg ivi Rolland med deim årin’ –
 
Signelita ho styrde sine skip ifrå land
Men så kom der eit uvêr og skylle dem på land
– I ro meg ivi Rolland med deim årin’ –
 
Å sjå, å sjå, no druknast min gangare grå
Og eg ser ikkje anna ell’ gullsalen ennu på
– I ro meg ivi Rolland med deim årin’ –
 
Å sjå, å sjå, no druknast mine brurepikur små
Og eg ser ikkje anna ell’ det gullgule hår
– I ro meg ivi Rolland med deim årin’ –
 
Å sjå, å sjå, no druknast det finaste gullskrin
Og deri ligg kjellarsvals bruregåve fin
– I ro meg ivi Rolland med deim årin’ –
 

Leave a Comment