Bruvoll/Halvorsen – Møllardottera Lyrics Norwegian

Det var tri gutar som tenkte som så
fila litt om lei
Ein av dei skulle møllarens dotter få
Det ristar i ro, det trillar for to,
den trea han ligg i – hm-hm
 
Fyrst gjekk dom seg til møllarens bekk
fila litt om lei
så stappa to den trea i ein sekk
Det ristar i ro, det trillar for to,
den trea han ligg i – hm-hm
 
Kjære møllar, vil du male kons mjøl?
fila litt om lei
Nei, det er ikkje rått, me har tørka det sjølv
Det ristar i ro, det trillar for to,
den trea han ligg i – hm-hm
 
Sekken kan stå ved mi dotters seng
fila litt om lei
så ikkje musa kan eta av den!
Det ristar i ro, det trillar for to,
den trea han ligg i – hm-hm
 
Så blei det mørkt og natta kom på
fila litt om lei
Så tok den sekken til krabbe og gå
Det ristar i ro, det trillar for to,
den trea han ligg i – hm-hm
 
Å kjære min fader, sløkk no ditt ljos
fila litt om lei
Det var berre katten som jaga ei mus
Det ristar i ro, det trillar for to,
den trea han ligg i – hm-hm
 
Då vakna gamla i senga ho låg
fila litt om lei
Ein katt har kje støvlar og bukse på
Det ristar i ro, det trillar for to,
den trea han ligg i – hm-hm
 
Gamle mor, du burde ha skam
fila litt om lei
nei, du sa ikkje slikt når du sjølv ville ha mann!
Det ristar i ro, det trillar for to,
den trea han ligg i – hm hm
 

Leave a Comment