Bukkene Bruse – Miriams voggelåt Lyrics Norwegian

Månen heng lågt i kveld
Nok ein dag stend no på hell
Sola har gått til ro
Og Miriam skal sova i si vogge
 
Men gøym på eit minne om
Mor og far og varme rom
Smil så til storebror
For alle treng ein storebror i verda
 
Dagar med smil og gråt
Voggesong og felelåt
Austanfor månesigd
Der ventar det ein morgon
 

Leave a Comment