Dvergmål – Elskhugskvæde Lyrics Norwegian

Når eg finge den, eg vilde,
Å! eg skulde voret glad;
Som til Gjestebod og Gilde
Gjekk eg til min Armods Stad.
Lat so vera, det vardt Møda;
Mødast lyt ein, kvart ein vil.
Um det og var trongt um Føda,
Armod er me vane til.
 
Når eg berre på det tenkjer,
 
Ljosnar Heimen som ein Dag;
Alt eg gløymer, som meg krenkjer,
Allting fær eit annat Lag.
Hugnad som ei Himmels-Sending
Strøymer inn i alt mitt Vit.
Allting fær si rette Vending,
Livet fær sin rette Lit.
 
Alt, me skulde havt å røda,
Vilde seint sin Ende få.
Fagnad millom Trong og Møda
Knapt det skulde skortat på.
Ikkje trur eg, nokon gådde
Myken Ufred, der me var;
Ikkje trur eg, at der rådde
Myket Strid og strenge Svar.
 
Når me gjekk i Onni saman,
Skulde Verket fallet lett.
Laga skulde me med Gaman
Alt, som best me hadde seet.
Aldri er det tungt å træla,
Der ein stødt kann Hugnad sjå.
I eit Hus med Fred og Sæla
Der verd alla Mødor små.
 
Lat deim etter Pengar grava,
Dei som stødt på Rikdom sjå.
Når ein fulle Hus kann hava,
Tru dei, inkje stender på.
Endå ymist Folk eg kjende,
Som var rikt og kom i Skort;
Og på same Tid det hende,
At eit litet Bu vardt stort.
 
Nei, den Skatten vil eg unna
Deim, som honom hava vil;
Helst til deim, som aldri kunna
Utan Rikdom vera til.
Men ein Heim, der Hugnad kvilde,
Var den Ting, som mest meg drog.
Når eg finge den, eg vilde,
Var eg alltid riker nog.
 

Leave a Comment