Ho sìt ein Sundag lengtande i Li;
det strøymer paa med desse søte Tankar;
og Hjarta fullt og tungt i Barmen bankar,
og Draumen vaknar, bivrande og blid.
Daa gjeng det som ei Hildring yvi Nuten;
ho raudnar heit; — der kjem den vene Guten.
Burt vil ho gøyme seg i Ørska braa,
men stoggar tryllt og Augo mot han vender;
dei tek einannan i dei varme Hender
og stend so der og veit seg inkje Raad.
Daa bryt ho ut i dette Undringsord:
«men snilde deg daa… at du er so stor!»
Og som det lid ti svale Kveldings Stund,
alt meir og meir i Lengt dei saman søkjer;
og braadt um Hals den unge Arm seg krøkjer,
og øre skjelv dei saman Munn mot Munn.
Alt svimrar burt. Og der i Kvelden varm
i heite Sæle søv ho i hans Arm.