Olav rie til berget fram,
– Det leikar under fjøll –
dei elvekvinner gjekk i dans.
– Stig av hesten og dans –
Elvemøyi rette hand frå seg,
– Det leikar under fjøll –
kom du Olav, trø dans’ med meg.
– Stig av hesten og
dans, dans Olav Liljekrans,
stig av hesten og dans –
Danse med deg eg inkje må,
– Det leikar under fjøll –
i morgo’ skó mitt bryllaup stå.
– Stig av hesten og dans –
Olav, Olav, trø dans’ med meg,
– Det leikar under fjøll –
eit hovud av gull så gjeve eg deg.
– Hvis du stig av hesten og
dans, dans Olav Liljekrans,
stig av hesten og dans –
Eit hovud av gull det kan eg vel få,
– Det leikar under fjøll –
men danse med deg eg alli må.
– Stig av hesten og dans –
Olav, Olav, trø dans’ med meg,
– Det leikar under fjøll –
ei silkje skjorte så gjeve eg deg.
– Stig av hesten og
dans, dans Olav Liljekrans,
stig av hesten og dans –
Ei silkje skjorte det kan eg vel få,
– Det leikar under fjøll –
men danse med deg eg alli må.
– Stig av hesten og dans –
Høyre du Olav Liljekrans,
– Det leikar under fjøll –
du stig av hesten og trø i dans’.
– Stig av hesten og
dans, dans Olav Liljekrans,
stig av hesten og dans –