Glittertind – Ukjend Land Lyrics Norwegian

Ta mi opne hand,
lei meg inn på dine stiar
og inn mot ukjend land.
 
La meg fylgje med
på vinterstengde vegar
som du lot stå i fred.
 
Vinteren var altfor lang,
myrke dagar, haresang.
Fanns’kje folk og langt frå by.
Der var du deg,
og utan veg,
gje det ein sjans’ på ny.
 
Sjå kor bekken renn,
formar berg og steinar
slik det passar den.
 
Men sjå ein bekk blir to
snart veks den til ei elv så sterk
lik flammar ut av glo.
 
Vinteren var alt for lang,
myrke dagar, haresang.
Fanns ‘kje folk og langt frå by.
Der var du deg,
og utan veg,
så var du’kkje til bry.
 

Leave a Comment