Dagen, ein leande gud, stig ned frå fjella. Han er som
ein sterk og gla far
for skaugan, skyun og fjordan, – dem ler, dem jublar
omkring han!
Vender’n seg bort, stilnar dem og høld pusten, som går
han bort før bestandig.
Tankefull legg han gullarman sine om skuldran på
mørke fjell før han drar.
– – – – –
Je er ein sønn av dagen. Je trampar omkring med
solblest i håret og sang på leppan –
Natta, ei tilslørt gudinne, stig ned frå fjella. Ho er som
ei god men trøtt mor
før skyun, fjordan og skaugan. Dem kryp inn i famnen
te ho. Gjømmer seg bort.
Over dem løftar ho stjernehimlen, som var’n ei lampe.
Og voggar dem inn i søvnen.
Søvnrytmen er i alt: i vatten som strømmer og
strømmer i mørke, – i gras som gror.
– – – – –
Je er ein sønn av natta. Natt, legg mjuke og mørke
hendar på augun mine.
Dagen kjem at frå ei vandring. Riv med ein latter
lander tor søvn i mors fang.
Han løftar og riv sund bøljande tåkelakna! Bles
på skyun og fjordan
og skaugan! Tar dem i gullarman sine, ristar søvnen
og døggslepet tå dem.
Folk som arbeir på marka i skaug – og elvesuset har
solblest i håret. På leppan sang.
– – – – –
Av jord er je kømmi. Te jord ska je bli. Dagar og netter
ska komma og gå føruten meg –