Ivar Bjørnson & Einar Selvik – Makta og vanæra, for all tid Lyrics Norwegian

Ingen pliktar å velje ei einsleg sanning
Men ein skuldar seg sjølv å sjå
Med åpne augo
Bak alle dører
Og bak dei mørke forheng
Korfra svart skodde sig
Også desse hjørna må vitjas
Før ein kan sei ein har vald
Spegelen gjer tilbake
Alt som er gjeven
Og fortel ingenting
Om flata alt er måla
Den som tek vekk det levde
Som set inn det skrevne
Må sjå sitt minne døy for Sterkare penn
 
Der mange såg
Skal no ein blind leie
(I di tid)
Der elskande lo
Skal no dei gamle sørga
(I ditt namn)
At jorda rik av dauden vert
Er ikkje lengre hevda
(I di soge)
Tørka opp og gjøymd vekk
Mørkrets hemmelege gåver
(I di kyrkje)
 
Dei ber fram
Ein far for alle borna
(I di tid)
Ein som gløymer dei
Som ikkje herskar
(I ditt namn)
Sjå, dei gøymer seg
Bak flammar og klede
(I di soge)
Og sanninga vert knyta
Til hengeløkker
(I di kyrkje)
 
Makta og vanæra
I all tid
Er di, og (du) er gløymd
For all tid
 
Høyr tekstar om vern og skjold
Gjeld berre eiga makt
(I di tid)
Dei bygga tårn av lika
 
For nærare å komme
(I ditt namn)
Ein vinnar i ord
Av slag som aldri sto
(I di soge)
Ein tenar i svovel
Ein herskar i kjøt
(I di kyrkje)
 
Dei vil så gjerne sjå
Og blindast av ljoset
(I di tid)
Sleper på et arv
Som ingen ville ha
(I ditt namn)
Kjenner ikkje att
Sitt eige indre eg
(I di soge)
Fryktar for skugge
Og fryktar for spegl
(I di kyrkje)
 
Makta og vanæra
I all tid
Er di, og (du) er gløymd
For all tid
 

Leave a Comment