Kirsten Bråten Berg – Heiemo og Nykkjen Lyrics Norwegian

Heiemo kvad, det song i li
– Vakna dikko ædelege drenge –
Det høyrde nykkjen på havet skri
– For de hev sovi tidi så lengje –
 
Heiemo kvad, det song i lund
– Vakna dikko ædelege drenge –
Det høyrde nykkjen, den hei’inghund
– For de hev sovi tidi så lengje –
 
Nykkjen tala til styringsmann
– Vakna dikko ædelege drenge –
Du styre mitt skip på kristne land
– For de hev sovi tidi så lengje –
 
Eg vil meg på kristne land gå
– Vakna dikko ædelege drenge –
Den vene jomfruva vil eg få
– For de hev sovi tidi så lengje –
 
Så gjeng han seg i stova inn
– Vakna dikko ædelege drenge –
Med håge hatt og blomekinn
– For de hev sovi tidi så lengje –
 
Nykkjen han dansa, og Heiemo kvad
– Vakna dikko ædelege drenge –
Det gleddest folket i stugone var
– For de hev sovi tidi så lengje –
 
No må kvor gange heim til seg
– Vakna dikko ædelege drenge –
Heiemo tek eg på skipet med meg
– For de hev sovi tidi så lengje –
 
Heiemo! Heiemo! Still di harm
– Vakna dikko ædelege drenge –
Du skal få sove på nykkjens arm
– For de hev sovi tidi så lengje –
 
Ho stakk til nykkjen i holamot
– Vakna dikko ædelege drenge –
Odden han rann i hjarterot
– For de hev sovi tidi så lengje –
 
Her ligg du, nykkjen, fyr ravn og hund
– Vakna dikko ædelege drenge –
Enno hev eg min kve’arlund
– For de hev sovi tidi så lengje –
 

Leave a Comment