Kong Lavring – Dei Tvo Systrar Lyrics Norwegian

Syster tala til syster så:
– Ved sande –
“Me vil okkon til Sjoar-å”
– Båra bere så vent eit viv ifrå lande.
 
Den yngste sette seg på ein stein,
– Ved sande –
den eldste skuva ho ut fyr mein.
– Båra bere så vent eit viv ifrå lande.
 
“Ligg du der og få du skam,
– Ved sande –
no vil eg hava din festarmann.”
– Båra bere så vent eit viv ifrå lande.
 
Der gjekk to pilgrimar ut med å,
– Ved sande –
dei såg det likjet på sanden låg.
– Båra bere så vent eit viv ifrå lande.
 
Dei toke hennar kvite kropp,
– Ved sande –
der gjorde dei av ein horpestokk.
– Båra bere så vent eit viv ifrå lande.
 
Så reiste dei til bryllaups gård,
– Ved sande –
så for dei til på horpa slå.
– Båra bere så vent eit viv ifrå lande.
 
Horpa slo det fysste,
– Ved sande –
“Bruri ho var mi syster.”
– Båra bere så vent eit viv ifrå lande.
 
Horpa slo det are:
– Ved sande –
“Bruri ho var min bane.”
– Båra bere så vent eit viv ifrå lande.
 
Horpa slo det tre’e:
– Ved sande –
“Brudgomen var min bele.”
– Båra bere så vent eit viv ifrå lande.
 
Mælte bruri raud som blod:
– Ved sande –
“Hav ut den horpa ho gjere uljod!”
– Båra bere så vent eit viv ifrå lande.
 
Svara brudgomen bleik som bast:
– Ved sande –
“Slå meir på horpa og slå vel fast!”
– Båra bere så vent eit viv ifrå lande.
 
Horpa slo det fjorde:
– Ved sande –
“Bruri ho meg forgjorde.”
– Båra bere så vent eit viv ifrå lande.
 
Bruri tro på spilemanns tå:
– Ved sande –
“De slå den horpa i stykkje små!”
– Båra bere så vent eit viv ifrå lande.
 
Tok dei horpa og slo imot jord,
– Ved sande –
så blei derav ei jomfru god.
– Båra bere så vent eit viv ifrå lande.
 
Brudgomen heitar på sveinar två:
– Ved sande –
“De gangje åt skogen og hogge bål.”
– Båra bere så vent eit viv ifrå lande.
 
Blea or og blea eik
– Ved sande –
blea den veden som brenner heit.”
– Båra bere så vent eit viv ifrå lande.
 

Leave a Comment