Kong Lavring – Jon Remarsson Lyrics Norwegian

Snekkja ligge på lande,
og graset unde henne gror.
Her spørst alli så raske drengjir,
som’n herre Jon Remarsson
 
   Mitt fagre unge viv,
 
   det gjenge meg så seint ut av hugjen.
 
Og inkje døyr du på sotteseng,
og inkje fell du fyr pil.
Men akta deg du fyr bylgja blå,
ho teke ditt unge liv.
 
I kveld så vilje me drikke,
med me ølet kan få.
I morgo så vilje me sigle,
om vinden han blåse må.
 
Og det var gamle skippar Håken,
han taler til liten smådreng:
Du hentar meg hit mitt tavlebord,
lat terningen hava sin gang.
 
Den fyrste terning på tavlebord rann,
dei terningar var så små.
Den fallt på herre Jon Remarsson,
han sille om skipbord gå.
 
Kjem det nokon livands til land,
mi festarmøy spør etter meg.
Så seg eg søve på kvitan sand,
og bed ho vil gifta seg.
 

Leave a Comment