Kong Lavring – Liti Kjersti Lyrics Norwegian

Liti Kjersti ho var seg so lite eit viv,
– brunfolen rinner lett -,
ho kunde ‘kje råda sitt unge liv.
Det regner og det blæs.
Langt nord i fjellom djupt under hellom der leikar det.
 
Bergekongen kom seg ridand’ i gård
– Brunfolen rinner lett –
Pål gullsmed ute for honom står.
Det regner og det blæs.
Langt nord i fjellom djupt under hellom der leikar det.
 
Bergekongen ha’ seg ein gangare spak,
– Brunfolen rinner lett –
Han sette liti Kjersti på hans bak.
Det regner og det blæs.
Langt nord i fjellom djupt under hellom der leikar det.
 
So reid dei berget tri gonger ikring,
– Brunfolen løyper lett –
Og berget det opnast so dei kom der inn.
Det regner og det blæs.
Langt nord i fjellom djupt under hellom der leikar det.
 
Dei gav henne drikke av raude gullhorn,
– Brunfolen rinner lett –
Dei slepte der nedi tri villarkorn.
Det regner og det blæs.
Langt nord i fjellom djupt under hellom der leikar det.
 
Den tridje drykken liti Kjersti ho drakk,
– Brunfolen rinner lett –
Dei kristne landi ho aldri mer gat.
Det regner og det blæs.
Langt nord i fjellom djupt under hellom der leikar det.
 
“Kvar er du fødd, og kvar er du bori?
– Brunfolen rinner lett –
Kvar er dine jomfruklæde skorne?”
Det regner og det blæs.
Langt nord i fjellom djupt under hellom der leikar det.
 
I berget vil eg leva, og der vil eg døy.
– Brunfolen rinner lett –
“Og der er eg kongens festarmøy.”
Det regner og det blæs.
Langt nord i fjellom djupt under hellom der leikar det.
 

Leave a Comment