Marie klåpbakken – Eksistens Lyrics Norwegian

Leitar i tåka
Sitt fast på å finne svar
Kvifor bar ting dit det bar?
 
Fast i eigen skygge
Prøvar snu, kjem ingen veg
Det som bremsar er ein stille gråt i det indre meg
 
Frostrøyken visar veg
Tankane kan ikkje skape meg
 
Tanken om å være fri
Vindstille, kjølig
Hugsa at vatnet fraus
Hjertevarm, men kvilelaus
 
Synet flimrar, kan ikkje sjå
Høyrde stemmer
Valgte eigen veg å gå
 
Tungt å puste, livet tar
Alt blei svart
Ord skapte ikkje lengre svar
 
Frostrøyken visar veg
Tankane kan ikkje skape meg
 
Frostrøyken visar veg
Tankane kan ikkje skape meg
 
Tanken om å være fri
Vindstille kjølig
Hugse at vatnet fraus
Hjertevarm, men kvilelaus
 
Tanken om å være fri
Vindstille kjølig
Hugse at vatnet fraus
Hjertevarm, men kvilelaus
 
Skyene lettar
Sollys strålar fram
Om du ser etter
Ser du meg danse på toppen av eit fjell
 
Tanken om å være fri
Vindstille kjølig
Hugse at vatnet fraus
Hjertevarm, men kvilelaus
 
Tanken om å være fri
Vindstille kjølig
Hugse at vatnet fraus
Hjertevarm, men kvilelaus
 

Leave a Comment