Morten Harket – Kråkevisa Lyrics Norwegian

Og mannen han gjekk seg i vedaskog.
Heifara, i vedaskog!
Då satt det ei kråke i lunden og gol.
Hei fara! Falturilturaltura!
 
Og mannen han tenkte med sjølve seg,
heifara, med sjølve seg:
Skal tru om den kråka vil drepa meg?
Hei fara! Falturilturaltura!
 
“Å no har eg aldri høyrt større skam!
Heifara, høyrt større skam!
Har du høyrt at ei kråke kan drepa en mann?”
Hei fara! Falturilturaltura!
 
Og mannen han spente sin boge for kne.
Heifara, sin boge for kne.
Så skaut han den kråka så ho datt ned.
Hei fara! Falturilturaltura!
 
Av skinnet så gjorde han tolv par skor.
Heifara, han tolv par skor.
Det beste paret det gav han til mor.
Hei fara! Falturilturaltura!
 
Av tarmane gjorde han tolv par reip.
Heifara, han tolv par reip.
Og klørne han brukte’n til møkkagreip.
Hei fara! Falturilturaltura!
 
Og nebbet han brukte til kyrkjebåt,
Heifara, til kyrkjebåt,
så dei kunne ro både frå og åt.
Hei fara! Falturilturaltura!
 
Av augo så gjorde han stoveglas.
Heifara, han stoveglas.
Og nakken han sette på kyrkja til stas.
Hei fara! Falturilturaltura!
 
Og den som ‘kje kråka kan nytta så,
heifara, kan nytta så,
han var ikkje verd’e ei kråke å få.
Hei fara! Falturilturaltura!
 

Leave a Comment

Ads Blocker Image Powered by Code Help Pro

Ads Blocker Detected!!!

We have detected that you are using extensions to block ads. Please support us by disabling these ads blocker.

Powered By
Best Wordpress Adblock Detecting Plugin | CHP Adblock