Norwegian Folk – Barndomsminne frå Nordland Lyrics Norwegian

Å eg veit meg eit land
Langt der oppe mot nord,
Med ei lysande strand
Mellom høgfjell og fjord.
Der eg gjerne er gjest,
Der mitt hjarta er fest
Med dei finaste, finaste band.
 
(REF:)
Å eg minnest, å eg minnest,
Å eg minnest så vel dette land
Å eg minnest, å eg minnest,
Å eg minnest så vel dette land
 
Og eg lengtar så tidt
Dette landet å sjå,
Og det dreg meg så blidt
Når eg langt er ifrå.
Med den vaknande vår
Vert min saknad så sår,
Så mest gråta,
Mest gråta eg kan.
 

Leave a Comment