Kungjen og Mårstig kviler under øy,
Men lilja ber blom
Mårstig han drøymde om si vene møy
Men lilja tvingar Mårstig.
Han drøymde om Målfris rødegullring,
at den ha’ kome på ein annen fing.
Han drøymde om Målfris rødegullband,
at det va’ kome av liljavand.
Han drøymde om Målfris rødegullhår,
at det va’ skore i stykkjer små.
Han drøymde om hennes syllspente sko,
at dei sto både fulle av blo.
Mårstig han talar til smådrengjen så:
“Di reise til stallen, legge salen på!
Di salar ikkje ut blakkjen!
Han gjenge så seint imot bakkjen.
Di salar ikkje ut den brone!
Han gjenge så seint gjennom toni.
Di salar meg ut den røe!
Han er så lett ivi fløe.
Mårstig han kjeme til Vendelins brur,
der møtte han likmennar store og små.
“Kjære likmennar di sete her ned,
men eg fær gylle hennar båretre!”
Mårstig sette sitt svær mot ein stein,
så odden gjore hass hjarta’i mein.
Mårstig sette sitt svær mot jor,
Men lilja ber blom
så odden rørde hass hjarteblo.
Men lilja tvingar Mårstig.