Norwegian Folk – Sveinen og den vene møy Lyrics Norwegian

Sveinen og den vene møy
med’ skogjen stend’e grøn
dei tevle tavlur under øy
Mannen tek ingjo ære
ut der ingjo er.
 
Dei tevle kje anten
um åker hell eng,
dei tevle um ein seglestreng.
 
Dei tevle kje anten
um hus hell jord,
dei tevle um ei seglingssnor.
 
Ungersvein let seg snekkja gjera,
jomfruva let sin stakkjen skjera.
 
Ungersvein byggjer snekkja pru,
jomfruva let sin stakkjen bu.
 
Ungersvein skuvar
si snekkje frå land,
jomfruva heldt i fremre stavn.
 
Jomfruva retter upp kvite hand:
“Ungersvein, ungersvein, hjelp i land!”
 
“Å, eg deg inkje hjelpe kann,
eg hev ei brur på min fa’ers land!
 
Eg deg inkje hjelper nu,
eg hev ei jomfru venar hell du.
 
Jomfruva sette seg på eit skjer,
der lyster ho å kvile seg.
 
Jomfruva slær sitt hår ivi herd:
“Krist gjeve de måtte blåse eit vêr!”
 
Jomfruva slær sitt hår ivi aksle:
“Krist gjeve de vêre måtte vakse!”
 
Og du der kom vêr av vesta,
ho rulla ikring den snekkja.
 
Der kom vêr og vestavind,
ungersveins snekkje rulla ikring.
 
Ungersvein rette upp kvite hand:
“Jomfru, jomfru, hjelp i land!”
 
“Eg deg inkje hjelper nu,
eg hev meg ein ungersvein
venar hell du.”
 
Jomfruva såm til sin fa’ers gård,
med’ skogjen stend’e grøn
ungersvein sokk på bylgja blå
Mannen tok ingjo ære ut der ingjo er.
 

Leave a Comment