Det fins ein stad av rikdom full
Gatene er lagt med gull
Og det er like borti landet imot nord
Och når det er tid for deg å gå
Her ei lekse skal du få
Du kan miste meir enn du drøymde om å nå.
For når du når ditt drøymde paradis
Og alt du finn er stein og is
Och du veit det er for seint for deg å snu
For det kosta alt å koma hit
Til den stranda der du einsam sit
Og er like langt i landet imot nord.
Opp og ned ei nordvendt strand
Tusenvis med spor i sand
Kvart av dei ei gåte utan svar
Og bulgjene langs stranda driv
Er dei døden eller liv?
Og kven er neste ut imot landet imot nord?
Ei mørk og sorgtung natt
Er det me som skal ta fatt
På ein veg så langt, så langt av lei
Men alltid er ei von å sjå
Som hjelper deg til å halde på
Denne draumen om eit land der imot nord.
For når du når ditt drøymde paradis
Og alt du finn er stein og is
Och du veit det er for seint for deg å snu
For det kosta alt å koma hit
Til den stranda der du einsam sit
Og er like langt i landet imot nord.
Du er like langt i landet imot nord.