Sissel – Eg veit i himmerik ei borg Lyrics Norwegian

Eg veit i himmerik ei borg,
ho skin som soli klåre
der er´kje synder eller sorg,
der er´kje gråd og tåre.
 
Der inne bur Guds eigen son
i herlegdom og æra,
han er min trøyst og trygge von,
hjå honom eg skal vera.
 
Men visst eg veit, ein morgon renn
då dødens natt skal enda.
Min lekam opp or gravi stend
og evig fryd får kjenna.
 
Me takker deg til evig tid,
Gud Fader, alle saman,
for du er oss så mild og blid
i Jesus Kristus! Amen
 

Leave a Comment

Ads Blocker Image Powered by Code Help Pro

Ads Blocker Detected!!!

We have detected that you are using extensions to block ads. Please support us by disabling these ads blocker.

Powered By
Best Wordpress Adblock Detecting Plugin | CHP Adblock