Solefald – Norrøn Livskunst Lyrics Norwegian

Dei er mange som vil styre
tjore deg i trældom
Lat deim vita kva du meiner
um herrefolk og kongar
 
Fri frå yvermakt og avmakt
Slik ynskjer eg å leva
å gjera kva eg vil
med mannevit og mot
 
Ver din eigen høvding
i små og store saker
Slik er den norrøne læra
kunsten å leva som fri
 
Tvangen er urgamal
men fridomen er eldst
Lat Mjølner knuse makti
Lat føraren forstå
 
Eitt veit eg
som aldri vil døy
Hamaren lyft
mot tyngjande lekkjer
 
Eitt veit eg
som alltid vil sigra
Åsa-Tors vreide
mot framfusne jotnar
 

Leave a Comment