Tiriltunga – Heming og Gygra Lyrics Norwegian

God eftan du gygramor,
som karar med nasen i elden,
Vil du låna meg hus i natt,
så seint om joleftaskvellen
 
Gjønne ska’ du få hus hjå meg,
men steikje ska’ eg dennom fellen,
Hot er nå du for farandes fant,
så seint om joleftaskvellen
 
Inkje er eg ein farandes fant,
og inkje vil eg de heite,
men eg er her inn i bergjet komen
alt ette godråd leite
 
Åh, er du i bergjet komen inn
for å vera her dagane alle
så ska’ eg reise meg upp i land
og bryllaupet våres å kalle
 
Så læste han upp den fysste dynn,
så læste han upp den andre;
læste han upp den tre’e dynn,
der satt ei jomfru fange
 
Han sanka saman så mykje gull,
vel femten hestetungar,
så tok han ut de stolte jomfru,
or bergjet han ville seg skunde
 
Gygra skreik på Hemingjen,
dei høyrde henne femten milir:
“Eg tenkte ‘kje du ville reise så snøgt,
eg toss inkje på deg tvile
 
Høyr du Hemingjen unge,
hot eg til deg talar:
Set du ned de unge viv,
gullet det må du hava.”
 
Det var Hemingjen unge
han vende sine augo i aust,
Der kjem upp den venaste jomfru
ho er deg til fullgod trøyst
 
Gygra seg mot aust munde snu
soli ho skein i augo,
då bleiv ho i flintestein
standande neri haugo
 

Leave a Comment