Tove Bøygard – Framand Lyrics Norwegian

Du er ein framand
I vinterkald kveld
Du bankar på døre
Du kjem i frå eld
Du var ei Soge
Frå tusen og ei nått
Du var regnbogens syste
No er du måla i grått
 
Og eg sit i varmen
Eg har meir enn eg treng
Og likevel tenkji eg:
Skal eg åpne døre i kveld?
For de er så mange
Og me er så rik
Me må byggje mura
For du har ingenting
 
Namnelaus kjem du
Te vår sjølvgode havn
Du er kald og aleine
Du er sorg, du er savn
Du er rivi i beta
Frå heim og frå rot
Du er berre barnet
Men har dødsangstens mot
 
Og eg sit i varmen
Eg har meir enn eg treng
Og likevel tenkji eg:
Skal eg åpne døre i kveld?
For de er så mange
Og me er så rik
Me må byggje mura
For du har ingenting
 
Du bankar på døre
Men eg er i tvil
Du kjem med armod
Og eg er så rik
Det var så enkelt
Å vera din venn
Før du kom hit
Før du ville inn
 
Og eg sit i varmen
Eg har meir enn eg treng
Og likevel tenkji eg:
Skal eg åpne døre i kveld?
For de er så mange
Og me er så rik
Me må byggje mura
 
For de er så mange
Og me er så rik
Me må byggje mura
For du har ingenting
 

Leave a Comment