Dei fører ho til ei tron
Det blir sagt ho er jarlen
si gave
Dei gjev ho klede av
silke å lin
med eit trer jarlen inn
Ta meg heim
ta meg heim til det
landet eg kjende
Ta meg heim
kor eg har mitt liv
Kom
slå ut ditt hår
legg deg ned her
ved mi sie
Du skal bli mi viva
mitt liv
Du skal kjenne mi
makt å bli minn
Du vil aldri eige meg
aldri kjenne minn varme
Du har teke alt det
som eg har
men eg har aldri gløymt
kven eg var
Ta meg heim
ta meg heim
til det landet eg kjende
Ta meg heim
kor eg har mitt liv
Skal eg bli å sakte døy?
Er minn lagnad
eit liv som fange?
Sjølv ikkje dauden
vil skjenke deg meg
sjølv ikkje tvang vil
gje deg min flamme
Ho trekk kniven fram
med kraft
og stikk den jupt
i jarlen sin nakke
Medan blodet slår mot stein
spring ho ut på bare bein
Ta meg heim
ta meg heim
til det landet eg kjende
Ta meg heim
kor eg har mitt liv
Nå ser ho alt som er
alt som var å som skal komme
Ho hugsar alle dei ho har kjær
og alt som brenn i krigar hjarte
Eg skal heim
Eg skal heim
i sjel og hjarte
Eg skal heim
sjølv om prisen er mitt liv
No høyrer ho hovar mot jord
ho høyrer stål som slår mot skjold
Ho må ofre det æsene gav
denna jord blir hennar grav