Vǫluspá – Voluspá Lyrics Norwegian

Dis i skuggeheim
Det skjek og skjelv i fjellheim nord
Alt liv fell
I kaos og undergang
 
Høyr kall frå gjallarhorn
Soli mørknar i vinterfrost
Brødre er kvarandres bane
Øde ligg alt menneskeliv
 
Men graset skal gro
Frå den kolde jord
Ingen strid og ættefeid
Ei meir bror mot bror
 
Verda er i brann
Ånder kviskrar frå dei visne tre;
”Frå intet skal bladet spire –
Sollys let latter skine!”
 
Det maktfulle sagn
Skal høyrast ein gong
Atter skal det underfulle bli
Fri på vide vindheim
 
Ein song frå morgondugg
Greinane strekk seg mot himmelhvelv
Ei grønkledd jord skal kome
Av hav stig høge fjell
 
Fri og tru
Som fugl skyt mot sky
Måneskin skal atter lyse
Dets draumfagre song
 
Fri og tru
Som fugl skyt mot sky
Måneskin skal atter lyse
Dets draumfagre song
 

Leave a Comment