Vreid – Songen Åt Fangen Lyrics Norwegian

So lagde dei lekkjone på meg
og klaven kring halsen min batt.
Helsa mi pinte dei tå meg,
men hatet sit enno att !
 
Å, hadde eg kulor og knivar
som rokk dit eg vilde no,
Gud nåde då lensmann og skrivar,
– dei lagdes snart lik båe tvo !
 
Å, var eg so giftig som pesten,
og ill som ein eiterormstyng,
Gud nåde då fengselspresten,
som går her og preikar og syng !
 
Kvi fa’n kjem den kallen inn til meg,
med song og hallelujadikt ?
Kva svartaste er det han vil meg med
Våset um anger og slikt ?
 
E geig ikkje anger i bringa,
og kjem eg meg ein gong på dør
skal kniven på ny eg svinga,
med kaldare hat enn før !
 

Leave a Comment