Norwegian Worship Songs – Å for ein Kjærleik Så Stor! Lyrics Norwegian

Å, for ein kjærleik så stor: Jesus oss frelsa vil!
Å, for ein kjærleik så stor! Den må me kjenna til!
Synda til alle seg trengde,
porten til Himmelen stengde.
Jesus, han stengselet sprengde!
Å, for ein kjærleik så stor!
 
(Kor)
Jesus takk, Jesus takk!
Takk min Frelsar!
Å, for ein kjærleik så stor!
 
Å, for ein kjærleik så stor—sjølv om du borte går.
Å, for ein kjærleik så stor, enno Guds kall deg når.
Kom då til ævelivsbrunnen,
som innved krossen er funnen!
Tilgjevingsflaum der er runnen,
kom til ein kjærleik så stor!
 
(Kor)
 
Å, for ein kjærleik så stor: Himmelens fryd til sist!
Å, for ein kjærleik så stor, Jesus deg byd for visst!
Berging frå ævelivs-brannen,
det er for stort for forstanden.
Kan du for små redningsmannen,
vraka ein kjærleik så stor?
 
(Siste kor)
 
Å, vend om! Å, vend om!
Fred han gjev deg!
Å, for ein kjærleik så stor!
 

Leave a Comment